Største fisk 2022    

 Største predator 19/20

 Største laks  10,0 kg
 Tyngste rev 7,60 kg  
 Største aure freda 
 Tyngste mår 1500 gr 

 Predator konkurranse jaktsesongen 2019/20

Start 01.04.2019 – 31.03.2020

 Vik Jakt -og Fiskelag fortsetter med konkurransen om kven som er den beste rovdyrpredatoren i Vik kommune. Konkurransen er for medlemmar i Vik Jakt- og Fiskelag. Meld deg inn og vinn flotte premiar.

Jakt og fangst på rovvilt kan vere ein spennande og interessant fritidsaktivitet. Dette vil kunne gje eit betre livsgrunnlag for rype, skogsfugl, hare og andre dyr i naturen. I tillegg ivaretek ein gamle fangstradisjonar. Pris på skinn har gitt betre prisar dei siste åra. Med ein generell god pelsmarknad er det håp om endå høgare prisar.

Predatorkonkurransen vart fyrste gong arrangert i 2013/14.

Følg oss på Facebook for oppdatering av konkurransen, send gjerne inn bilder til oss.

Vilt Jakttid Poeng
Skjor 10.08 - 28.02 10
Kråke 15.07 - 31.03 10
Nøtteskrike 10.08 - 28.02 10
Ravn 10.08 - 28.02 30
Røyskatt 21.08 - 15.03 20
Mink 01.04 - 31.03 20
Mår 01.11 - 15.03 50
Raudrev 15.07 - 15.04 50


Framvising av vilt må skje fortløpande og innan 2 veker, ikkje samla mot slutten av jaktåret. Oppdatering av felt vilt vil bli lagt ut på heimesida vår. Framvising skal skje til Øystein Vangsnes Voll, Preben Lunde eller til Egil Rune Andersen.

For fuglevilt vil høgre fot samlast inn og på pelsvilt klør på venstre framfot.    

Vangsnes:        Øystein      - 95 11 08 72

Feios:              Preben:      - 47 89 21 90

Vik:                 Egil Rune:  - 99 59 71 55

Framfjorden:    Arve:         - 91 53 41 92

Fresvik:           Ole Morten - 90 95 99 63


1. Premie    - Mest poeng: Verdi kr. 2000,-

2-3. Premie - Tyngst rev og tyngst mår. Verdi 2 x kr. 1000,-

4-5. Premie - Loddtrekning frå deltakarane i konkurransen. Verdi 2 x kr. 500,-

 

NB! Vik beitelag betalar i tillegg ut kr. 600.- i skotpremie for kvar felt rev. Vik kommune registerer antall rever for Vik beitelag.

uten navn1

 

Ekstra informasjon